Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Nupsstadur

Guidebøker er kjekke å ha med på tur. Uten dei, hadde vi nok køyrt rett forbi mange interessante ting.

Boka vår fortalde oss at ei av dei 6 bevarte kyrkjene med torvtak kunne vi finne på Nupsstadur, den første garden ein kjem til på vestsida av Skeidarársandur.

Husa ligg rett vest for fjellet Lomagnupur.

Det guideboka ikkje sa så mykje om, var åpningstider. Vi kom til stengd og bolta port nede ved hovudvegen.

Så her vart det berre å sjå på avstand.

Asbjørn skulle likevel peile olje, så eg rakk å ta fram kamera og knipse nokre bilete. På avstand ser det ikkje ut til å vere særleg mykje der oppe.

Men når eg zooma litt, dukka det opp både det eine og det andre, – blant anna fleire troll i fjellsida, for dei som har fantasi til å sjå slikt.

Etter at fotoa vart lasta inn på datamaskina, vart det råd å sjå alle dei gamle husa, – eller iallfall dei som var synlege frå vegen.

Dei gamle husa glir så godt inn i terrenget at dei fleste var ganske usynlege med berre auga frå der vi stod.

Dei såg ut som grastuer på avstand.

Til høgre for det kvite hovudhuset skimta vi det som er den gamle kyrkja, eller kapellet. Hadde det ikkje vore for dei kvite vindskiene, hadde vi berre sett ei grastue her.

Det har vore kyrkje her sidan 1200-talet, – vigsla til Sankt Nikolas, men den som står no var bygd rundt 1650. I 1765 vart kyrkjestatusen oppheva, og bygget vart brukt til kapell, og seinare lagerhus, før det vart freda rundt 1930 og nasjonalmuseet tok over. Bygget vart så restaurert rundt 1960.

Garden har vore eigd av same familien sidan 1730.

Det hadde verkeleg vore interessant å få sjå på nært hald.

Endå ein ting på lista til «neste gong»….

🙂

Hof

Før vi la i veg vestover att, hadde vi fått tid til å studere litt dei siste kartbøkene vi hadde kjøpt med oss.

I den eine stod det om kyrkja på Hof i Öræfi-distriktet, og vi bestemte oss for å stoppe og prøve å finne denne.

Öræfi var lenge den mest isolerte staden på Island, med isbreen i ryggen, inga skikkeleg hamn, og med Jökulsá og Skeidarársandur på kvar side. Fram til utpå 60-talet var det verken mus, rotter eller kattar her.

Det var eigentleg ikkje så vanskeleg å finne kyrkja når vi hadde kart og fylgde med på veiskilta.

Vi svinga av sidevegen litt for tidleg og kom opp på baksida av kyrkja.

Det gjorde eigentleg ikkje så mykje, for her var det fin utsikt over gravplassen. Den øvste delen såg ut til å vere den nyaste.

På nedste delen var det ikkje gravminne på alle gravene, – men det er lett å sjå kvar dei er.

Vi flytta bilen ned på parkeringsplassen som høyrer til kyrkja.

Kyrkja er bygd i 1884, og er den siste kyrkja på Island som er bygd etter den gamle skikken med tjukke murveggar og torvtak. Det fins 6 slike kyrkjer att, og dette er ei av dei.

Kyrkja er under tilsyn av det islandske nasjonalmuseet, men fungerar og framleis som soknekyrkje.

Dette var berre vel ein halvtimes køretur frå isfjella i Jökulsárlon, men her var våren komen så langt at løvetanna blomstra friskt på kyrkjetaket.

Det er tjukke, solide murveggar.

Frå nedsida ser den mest ut som ein haug med gras på.

Utan kvitmåla vindauge hadde det ikkje vore lett å sjå at her var noko anna enn grasbakke.

Hof-gardane ligg oppe under fjellet, som dei fleste andre stadar. Nedanfor er det vide sandflater.

Utanfor kyrkjegarden var det sett opp ein sanitærbygg. Det var til og med ope, så vi kunne bruke toaletta. Ikkje verst.

Det stod ein del gamle tre rundt kyrkja og kyrkjegarden.

Men nedanfor var det ganske øde. Vi kan skimte hovuudvegen eit stykke ute på flata bak bilen, – omtrent der det grøne sluttar.

Det bles ein del her og, så det var godt å kome inn i bilen att. Neste stopp planla vi på Nupstadur.

Følg med.

🙂

Is

Då kjem ein del av bileta vi tok i Jökulsárlon, og som ikkje fekk plass i forrige post.

Isen kan ha mange fargar. Det svarte er for det meste oske, vart vi fortalt,  men den er gamal og ikkje frå det siste oskenedfallet i 2010.

90% av isfjella er under vatn, så nokre av dei vi såg er ganske store.

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

..

🙂

Jökulsárlon

Vi hadde fått referat frå andre familiemedlemar som hadde opplevd Jökulsárlon eit par år tidlegare, og det var den eine tingen dei sa vi ikkje måtte gå glipp av.

Så den var med i planen heilt frå starten.

Det var også litt artig at denne var det første vi såg av Island innimellom skyene då vi kom flygande innover.  Dei kvite prikkane er isfjella som ligg og flyt i laguna.

Slik ser det ut frå strandkanten ved laguna.

Det var litt seint på ettermiddagen, så sola er lav midt imot, og det bles, så lufta var disig av støv.

Sjølv om sola skein, var det ikkje så varmt.

Ifølge websida til firmaet som driv her, stenger dei kl 17.00, men i praksis ser det ut som dei køyrer båtane så lenge her er folk som vil ut. Vi kom like før kl 17, og fekk billett til ein tur som skulle starte i halv seks-tida.

Best å kle seg godt og finne fram alle fotoapparat og reservebatteri.

Her kjem amfibiebåten inn att frå forrige tur. Det tek litt tid når alle skal kle av seg redningsvestar og slikt før dei går i land, men så er det berre å stille seg i kø for å kome om bord.

Her er redningsvesten komen på, og eg har funne meg ei fin krå. Solbrillene hadde vi gløymt i bilen.

Så trillar vi av gårde, bak den høge haugen, og kjem ned til lagunen eit stykke lenger inne. Eit par gummibåtar er alt i aksjon ute på laguna.

Isflaka er i bevegelse heile tida, og småbåtane puffar vekk dei som ligg i ruta til amfibiebåten.

Då er vi komne utpå, og det går an å reise seg utan å bli skumpa over ende.

Her skal det fotograferast.

Is og sjø og fjell er flotte motiv.

Guiden hoppar opp på benken og fortel om laguna og isen.

Brearmen Breidamerkurjökull trekkjer seg tilbake, og på 30-talet byrja ein innsjø og forme seg ved enden av brearmen. Tidlegare gjekk breen nesten til sjøkanten, og elva Jökulsá rann direkte frå breen og ca 1,5 km ut i havet.

På 70-talet var innsjøen ca 8 kvadratkilometer, no er den ca 20.

Vassnivået har sokke, og no er det så lavt at sjøen strøymer inn og ut ved flo og fjøre. Det varmare saltvatnet gjer at isen smeltar endå fortare.

Isberga som brotnar frå breen, ligg og flyt rundt og rundt inne i lagunen, som er minst 190 m på det djupaste, – men ved elvemunningen er det grunnare, så isberga flyt ikkje ut i havet før dei har blitt ganske små.

Elva var ei av dei farlegaste å krysse, og her kom ikkje bru før i 1967. Den vart bygd 800 m frå sjøkanten, men det viser seg at breen legg ikkje att like mykje masse som før, så havet et seg innover mot laguna. Brua er no 500 m frå sjøkanten. På bildet over ser vi den frå parkeringsplassen ved laguna. Havet er på andre sida av hovudvegen.

Isen som guiden plukka med seg om bord, er minst 1000 år gammal, og den blir knust så alle får smake. Ikkje noko å seie på smaken.

Fisk sym inn i laguna, og selen følgjer etter.

Etter ca ein halv time ute på laguna, snur båten mot land igjen. Gummibåtane er heile tida i aksjon og dyttar på isflak så vegen er klar.

Av og til må dei vere to for å flytte på dei.

Så nærmar vi oss stranda.

Der tek hjula tak, og vi er på fast grunn.

Så ber det humpetihump bortover vegen tilbake til utgangspunktet. Då er det best å sitje i ro og halde seg fast.

God utsikt over omgivelsane frå båten.

Etter at vi kom ned på fast grunn att, tok Asbjørn seg ein tur rundt båten.

Han var litt nysgjerrig på alt det tekniske.

Så køyrde båten bort og vart parkert for natta.

Senteret var framleis ope, så vi gjekk inn og varma oss på ein kopp kaffi og eit par smultringar.

Deretter gjekk vi ut og tok litt meir bilde.

Dagen etter, då vi stogga her på tilbakevegen, gjekk Asbjørn opp på morenehaugen og tok nokre oversiktsbilde.

Her ser vi senteret, og havet på andre sida av hovudvegen. For kvart nytt bilde har han snudd seg litt mot høgre:

… til han er komen heilt rundt.

Vi tok mange bilete både frå båten og frå land, så alle bileta med is på kjem i ein ny post.

🙂

Dette er den største tettstaden på strekninga mellom Vik og Höfn, – men det er ikkje det same som at den er stor.

Ifølgje opplysningane i Lonely Planet-boka er der 120 innbyggjarar, men der er både hotell, turistinformasjon, campingplass, bensinstasjon, kafear og diverse anna.

Irske munkar var dei første som slo seg ned her, – før vikingane kom, – og frå 1100-talet var det eit nonnekloster her, visstnok like ved kyrkja som står i dag. Dette gjenspeglar seg i mange av dei lokale namna, slik som Systrafoss på bildet over. Elva kjem frå Systravatn oppe på fjellet, – der det vert fortalt at to nonner såg ein gullkam som flaut opp til overflata, og begge drukna, – eller iallfall forsvant, – i forsøk på å nå tak i gullkammen.

Ved denne steinsøyla, Systrastapi, skal to nonner ha blitt brende, – den eine fordi ho blant anna hadde omgang med djevelen, og den andre fordi ho ikkje snakka fint om paven. Dei skal vere gravlagde på toppen av søyla. Den siste skal ha blitt frikjend etter reformasjonen, så på grava hennar blomstrar det difor heile tida, men ikkje på grava til den første.

Vi var ikkje bort og såg om det stemde, – bileta her er tekne frå bilen på veg vestover.

Den noverande kyrkja her er bygd til minne om presten Jon Steingrimsson. Han var prest her under det store Laki-utbrotet i 1783-84, som medførte store øydeleggjingar i området rundt. Den 20. juli 1783 kom ein spesielt hurtigflytande lavastraum mot landsbyen. Presten meinte at folket hadde synda og at dette var ein straffedom frå Gud, og samla folket til ei eld- og svovelpreike, – bokstaveleg tala.

Då preika var slutt, hadde lavastreumen stoppa ved ein stein som no vert kalla Eldmessutangi.

På vegen vestover frå Kyrkjubæjarklaustur  kan ein tydeleg sjå kor langt lavaen kom. Her er første «tuppen».

Så aukar det fort i mengde.

Somme stader er det høge dungar….

… og så er det brått slutt eit stykke før ein kjem fram på nye område.

Utbrotet i Laki varde i 8 månader, og resulterte i den største kjende lavastraumen frå eit enkelt utbrot.  Graset forsvant på grunn av oskenedfall, mesteparten av husdyra strauk med, og 20% av befolkninga likeeins, anten som følgje av giftige gassar, eller i hungersnauden i dei påfylgjande åra. Det vart også fleire uår på rad i Europa og Japan, noko som bl.a førte til den franske revolusjonen.

Liknande samanheng mellom store vulkanutbrot og uår meinar dei og det var etter det store utbrotet på 900-talet, som truleg var større enn dette.

På vegen vestover att hadde vi ein lenger pause i Kirkjubæjarklaustur sidan vi hadde lyst til å sjå litt på ein anna merkeleg fenomen.

Ca ein halv kilometer aust for sentrum på riksveg 203 kjem vi til dette skiltet. Men det er ikkje ei kyrkjeleg golfbane vi skal sjå på.

Derimot er det eit kyrkjegolv, ……….

…. eller det som folk har trudd var restane av golvet i ei kyrkje. Men det er det ikkje, – det er toppen av basaltsøyler, jamslipte av isbreane, som stikk opp frå attelega her.

Det er ca 80 kvadratmeter stort, og ser verkeleg ut som eit golv.

Basaltsøyler blir danna når lava blir hurtig avkjølt i vatn.

Det er same fenomenet som har forma den berømte Giant’s Causeway i Irland.

(Her i Wikipedia på norsk)

Dei fleste søylene er sekskanta, men ikkje alle.

Det ser ut som eit hellelagt golv.

Litt ujanm i kantane.

Frå parkeringsplassen går det ein tydeleg sti. Bilen vår er den eine kvite prikken i bakgrunnen til venstre.

Det skal også gå ein sti frå sentrum (i bakgrunnen til høgre) og over markane, men den fann vi ikkje. Det ruvar heller ikkje  i landskapet, så ein ser det ikkje før ein kjem ganske nær.

Det har til og med ei dørhelle.

Langs stien var der og små grupper med basaltsøyler.

Desse var så ujamne at ingen kunne mistenkje dei for å vere eit golv.

Her var ei einsleg søyle som stakk opp.

Den kunne lett gått for ein stabbestein.

Vi skulle hatt meir tid i dette området. Her var mykje å sjå, både på sjølve staden og i relativt kort køyreavstand, men vi rakk berre det som er vist her. Det hadde muligens vore lurare å overnatte her, og køyre dagstur til Jökulsárlon, – då kunne vi kanskje også ha greidd ein tur inn i landet og sjå f.eks. Lakagigar, – den 25 km lange rekkja med krater etter Lakiutbrotet, eller til  Landmannalaugar, -og muligens også køyrt den ytre vegen anten på fram- eller tilbaketuren.

Neste gong……

🙂

 

Det er ytterst få utlendingar som kjem køyrande med eigen bil til Island, så skal ein kome seg rundt ikring, må det bli med buss eller leigebil. Vegane var då også velsigna fri for bobilturistar som køyrde i 60. Men leigebilturistar var det nok ein del av, – deriblant oss.  Dei var ikkje så gode å skilje frå dei innfødde sidan bilane hadde islandske skilt alle ihop, men dei som stod i vegkanten og fotograferte, rekna vi heilt sikkert med var turistar.

Etter å ha studert kartet i minst fem minuttar etter at vi fekk det oppi handa saman med bilen, var det likevel ikkje heilt problemfritt å finne vegen ut av byen, – den retninga som vi skulle i, altså. Vi rota litt og kom i feil fil når det såg ut på kartet som vi skulle svinge til venstre, – og så var avkøyrsla til høgre fordi krysset var ikkje i plan, og det viste ikkje på kartet – haha, – bønder i byn.  Men etter eit par runder på sidegater, kom vi oss av garde i rett retning.

GPSen fekk vi ikkje skikkeleg i gang, for alle instruksjonar var berre på islandsk. Etter ein del vilkårleg tastetrykking den tredje dagen greidde Asbjørn å få fram ei stemme som ga instruksjonar på tysk, men ho ville heile tida ha oss til å snu og køyre tilbake til Höfn når vi var på veg mot Reykjavik, så ho fekk stå og snakke med seg sjølv inne i hanskerommet.

Vegane vi køyrde på var stort sett fine., – mykje betre enn her heime. To felt var regelen, ikkje unntaket. I Reykjavik var der sjølvsagt fleire, – både 4 og 6.

Vanlege trafikkskilt var ikkje så vanskelege å forstå, men når det var tekst involvert, var vi ganske uvitande, for der var alt på islandsk.

Dette skiltet kom vi fram på fleire gonger, men veit enno ikkje nøyaktig kva det betyr. Vi tok det i verste meining, og rekna med der kanskje var kameraboks i kjømda, – men vi såg aldri nokon av dei.

Som før sagt var vegane gode, og som oftast lite trafikk, så det var råd å nyte utsikta medan vi køyrde. Men best som vi cruisar av gårde og anar fred og ingen fare…….

…… kvepp vi til når eit småfly plutseleg kjem opp og passerar oss på høgre sida. Kameraet var naturlegvis ikkje klart, så flyet er kome langt fram og er på veg oppatt i høgda før eg får knipsa.

Elles er det alltid litt spennade med det tekniske, – det er mykje som kan gå gale på ein bil.

Vi hadde svinga av frå hovudvegen og var på god veg til Tingvellir då det byrja å pipe og pipe, – korte pip, som vart lenger og lenger, – og til slutt ei vedvarande hyling. Det høyrdest ut som det kom frå eit av bakhjula.

Stopp på ei utkøyrsle, – ut å kjenne på, – mjaaaa, – kanskje det eine hjulet var litt varmare enn dei andre. Ringe til utleigefirmaet.  Jau, vi skulle få snakke med ein mekanikar.

Mekanikaren trudde kanskje det var kome ein liten stein inni hjulet ein stad, – det var  ikkje så uvanleg på Island, hevda han. Vi måtte prøve å skru av hjula og tøme ut eventuell grus inni der, – dersom vi trudde vi greidde det.  Njaaaa, – det var no ikkje det vi hadde lyst til å drive med når vi nettopp hadde fått ein leigebil i hende og skulle nyte ferieturen, så vi drog litt på det. Medan vi somla med svaret, kom mekanikaren på at vi kunne prøve eit lite triks før vi eventuelt skrudde av hjula: køyr i ca 20 km/t og bruk handbrekken fleire gonger. I nokre tilfelle er det nok til å fjerne steinar. Men dersom det ikkje gjekk, måtte vi til å skru.

Ok, – vi prøvde handbrekktrikset, og etter nokre omgangar var lyden vekk. For den dagen.

No kan det vere ymse meiningar om at elevar som tek praktisk utdanning skal vere nøydde til å lære så skrekkelig masse norsk og engelsk og slike teoretiske fag, – men jammen var det kjekt for oss at denne unge mekanikaren kunne forklare til oss, – på engelsk, – akkurat kva vi skulle gjere.

Medan vi køyrde på lavamarkene den andre dagen, kom pipinga tilbake. Ikkje så høgt og hylande som første dagen, men den var der.

Handbrekktrikset hjalp ikkje særleg, så då vi kom til Kirkjubæjarklaustur, måtte vi bite i det sure eplet og køyre inn på ein bensinstasjon og skru.

Det var Asbjørn som skrudde, medan eg heldt fram med min daglege dont: fotografere.

Vi såg ikkje nokon stein på nokon av hjula, men antakelig datt den av i all hemmeligheit under skruinga. Vi høyrde ikkje meir til den, i alle fall.

Vi var forresten heldige som akkurat kom til ein tettstad så vi kunne stå i ro og fred og gjere dette, og ikkje midt ute på vegen ein stad. Godt og lagleg ver er heller ikkje å forakte når ein må til med slikt. Her var og toalett så ein kunne få vaske seg på hendene etterpå.

Dagen etter passerte vi ein bil midt ute på Skeidarársandur der passasjerane og koffertane stod ute i fykesanden medan ein stakkar låg på kne og skrudde. Så det er visst ikkje så uvanleg med stein i hjula på Island.

Vel, vi køyrde vidare utan piping og kom oss vel fram til Jökulsárlon, som var neste stopp. Vi rakk akkurat siste båtturen, og etterpå brukte vi litt tid til å fotografere frå land. Senteret var stengt og alle dei andre bilane hadde køyrt før vi var klare til å setje oss i bilen og køyre vidare til Höfn. Og vips, der tek vinden fat i døra på passasjersida og slengjer den opp, – ikkje kjempehardt, men likevel, – der står den på vidt gap, blegg fast.

Vi prøver litt, og litt hardare, fleire gongar, men den vil ikkje rikke på seg. Så sjekkar vi alle hengsler og andre duppedittar mellom døra og bilen og samaliknar med den andre døra, og det ser ut som ein av duppedittane har kilt seg fast. Asbjørn prøver å løyse den, og å dytte den, med eit skrujarn, men alt er like fast. Døra er like open.

Vi er langt frå folk. Det er kveld og ikkje trafikk på hovudvegen lenger. Og det er kaldt i vinden.

Dersom det blir så gale at vi må vente på assistanse, kan dei likegodt få noko skikkeleg å reparere når dei kjem. Så vi tek sjansen på rå makt. Og det går. Døra losnar, – ikkje frå hengslene, heldigvis, men frå dei sju steinane. Den ser og kjennest heilt ok ut.

Og eg som gløymde å ta bilde.

Vi vart litt seine til Höfn.

Vi høyrde ikkje meir til pipinga på vegen tilbake heldigvis, men rett før vi skulle ta til på Skeidarársandur byrja eit oljevarsel å lyse. Ikkje raudt, heldigvis, men gult, og det kan vere forstyrrande nok.  Spesielt når ein skal til å krysse ein ørken. Det var ikkje anna å gjere enn å fortsetje, sidan det var minst like langt bakover som framover til næraste bensinstasjon.

Vi fann ut at der er mobildekning på heile Skeidarársandur.

Etter at vi var komne vel ut av fykesanden, stoppa  vi ved avkøyrsla til Nupstadur, og Asbjørn sjekka oljen. Der var visst litt lite.

Vel, det var berre å fortsetje, – vi hadde fortsatt eit stykke att til Kirkjubæjarklaustur der næraste bensinstasjon var.

Nytt stopp på same bensinstasjonen som i går, og påfyll med olje. Men det hjalp lite, – det lyste fortsatt, og det gjorde det heilt til Reykjavik. Men no visste vi iallfall at det ikkje mangla olje.

Vi kom ikkje til Reykjavik før bilutleigekontoret hadde stengt for dagen, men vi hadde fått beskjed om kvar vi skulle setje bilen og kva vi skulle gjere med nøklane, så det var greit.

Så måtte vi fylle opp med diesel. Det hadde vi ikkje hugsa på veg inn til byen , for då var vi mest opptekne av å finne rette vegen (Og det gjorde vi: rett i mål utan ein einaste feil sving). Men heldigvis, der var ei pumpe rett attmed utleigekontoret, og ein stasjon litt lenger borte i gata.

Pumpa attmed kontoret ville ikkje ta kortet ho vart tilbydd. Ok, neste alternativ var stasjonen borte i gata. Første pumpa der ville heller ikkje ha nokon av korta vi prøvde. Andre pumpa var like ille. Men på tredje fekk vi napp, så vi køyrde bort dit og stilte oss i posisjon for fylling. Men akk og ve, – her såg ut til å vere berre «russisk» system på pumpene: betal først og fyll etterpå. Det er litt klønete når ein skal ha full tank og ikkje anar akkurat kor mange liter det blir.

Asbjørn spurde ein annan kunde som stod der om det var ein måte ein kunne fylle først og betale etterpå. Kunden snakka ikkje engelsk, og ikkje norsk eller dansk, men var veldig, veldig hjelpsam og viste Asbjørn grundig korleis han skulle fylle diesel, – alt det som Asbjørn alt hadde funne ut, –  men ikkje det han var ute etter å få vite. Asbjørn signaliserte at han ville gje seg her, og prøve å finne ein annan stasjon, men det vart ikkje godtatt, – hjelpeaksjonen var ikkje ferdig enno. Hjelparen praia endå ein annan kunde, og denne snakka engelsk, så no hadde dei tolk. Så gjekk dei gjennom heile den vanlege fylle-prosedyren ein gong til, før kunde nr 2 fekk med seg kva problemstillinga gjaldt, og kunne forklare det til kunde nr 1. Men ingen av dei visste korleis ein kunne fylle først og belaste kortet etterpå, og ingen greidde å finne ut noko om det frå bruksanvisninga på pumpene.

Stasjonen var ubetent, men kunde nr 2 visste kven eigaren var, fekk låne mobilen til kunde nr 1, fann tak i nummeret og ringde eigaren.

Nei, dessverre, der var ikkje nokon måte ein kunne fylle først og belaste kortet i ettertid.

Asbjørn takka hjertelig for all god hjelp, og begge hjelparane gjekk fornøgde kvar til sitt, medan vi byrja å gjette kor mange liter vi skulle betale for før vi fyllte. Så etter ein halvtime med konsulenthjelp, 2 minutt å rekne ut kor langt vi hadde køyrt sidan siste fylling, og deretter tre runder med kortbelasting og dieseltapping à 1000 kr (islandske sådanne), såg tanken full ut, og vi kunne setje bilen på plass og kome oss til hotellet.

Apropos skilt, forresten, – vi skjønte dette som vi såg i Reykjavik eit par dagar seinare:

Her har dei iallfall ein fast dato å halde seg til, – men veret kan vere like ustadig der som her, – det held seg ikkje til datoar.

I 17.-mai-helga, – 2 veker etter at vi var reist, snødde det så mykje  nord på Island at mange tursitar stod verfaste med leigebilane sine. Utleigarane måtte køyre fleire trailerlass med vinterdekk dit nord slik at folk kunne kome seg heim.

Men vi hadde i alle fall hatt ein fin tur, – det var vi heilt einige om.

🙂

Jepp, – no skal det handle om sand på Island.

For dei som likar å vite slikt: ordet er eit substantiv og blir bøygd slik:

Fann berre engelsk bøyingsskjema på Wiktionary, men det blir no det same likevel på islandsk.

Orda sandur og sandar (fleirtal) blir også brukte internasjonalt om denne spesielle landskapstypen som er så mykje av på sørkysten her: store sletter bygd opp av sand som er vaska ut frå isbreane.

Her ligg både fin sand, grus, og av og til store steinar midt ute på flata.

Det er enorme, flate vidder.

I retninga mot havet er det ikkje mykje å feste augene på.

Elvane som kryssar desse flatene grev seg løp på vegen ut til havet.

Bileta over er frå Skogarsandur, – ein av dei minste flatene, Her nærmar vi oss enden på veg austover.

Der sanden får ligge i ro, vil det etterkvart gro til med gras og andre plantar, slik som her på eit område av Myrdalssandur.

Der elvane fløymer, er det derimot stadig endringar. Diker blir bygde for å halde elveløpa nokolunde på plass.

Midt ute på Myrdalssandur ligg denne «øya», Hjörleifshöfdi. Tidlegare låg den på kysten, men no er der fleire kilometer med sand mellom «øya» og havet.

Kvar kystlinja går, er ein stadig balanse mellom kor mykje masse som blir ført ut frå breane, og kor mykje havbåra og straumar greier å vaske vekk.

Å bygge og halde vedlike vegar og bruer i dette området er ei utfordring, – spesielt bruer.

Nokre av bruene såg unekteleg litt provisoriske ut. Det er alltid fare for at dei plutseleg vil bli vaska vekk, så dei er nok ikkje bygde for å stå «evig».

Den største faren her på Myrdalssandur er utbrot i vulkanen Katla som ligg under isbreen Myrdalsjökull like ovanfor her. Då risikerar ein store flaumar, eller såkalla jökullhlaup, utover slettene.

Over Myrdalssandur går vegen ganske nær kysten, så det er nokre kilometer inn til «land».

Der er nokre elvar å krysse, og kvar hovudelv har ofte mange løp, så bruene er mange og ofte lange.

Her har graset såvidt byrja å få tak, – eller kanskje det er i ferd med å kome seg etter oskenedfallet for eit par år sidan.

Det er mykje basalt i fjella under isbreane, så sanden er mørk på farge, – nesten heilt svart somme stader.

Her er vi nær vestenden av Myrdalssandur på tilbakevegen, og ser at elva her er ganske grå av silt.

Mellom Myrdalsjökull og sørspissen på Vatnajökull ligg der fire store sandar på rekke og rad, tilsaman 110 kilometer: Myrdalssandur, Medallandssandur, Brunasandur og Skeidarársandur. Delar av dei er dekte av lava frå det store Laki-utbrotet i 1783-84, og på Medallandssandur og Brunasandur går riksveg 1 for det meste gjennom desse lavamarkene. Det er muleg å køyre eit ytre rute, riksveg 204, på delar av denne strekninga, men det gjorde ikkje vi.

Der er ein del bilete frå desse lavamarkene i postane Landakap 2 og Landskap 3.

Her er vi komne til Skeidarársandur på veg austover. Vi passerer foten på fjellet Lomagnupur til venstre.

Like etter kjem det første vassdraget som må kryssast: Núpsvötn.

Det ser ut som elva er delt i to på langs: eine halva er grå av silt, medan andre halva ser blank ut.

Det er lite fall på desse slettene. Her på Skeidarársandur er det i gjennomsnitt 4 m per km. Å rekne ut korleis elveløpa vil gå på slike flater er visst ein heilt eigen vitenskap.

Eg rekk å ta mange bilete på veg over brua.

Denne er av typen «ferjelem».

Her er vi på diket på andre sida.

Vi trur kanskje det er oske som ligg i grøftene langs vegen bortover.

Svart og brunt.

Vinden aukar på når vi er komne eit stykke utpå flata.

Det fyk godt der framme.

Best å lukke alle vindauge.

Ser ut som vi nermar oss eit elvedike igjen.

Riksvei 1 er hovudvegen som går rundt heile Island. Den delen av riksvegen som krysser Skeidarársandur var den siste som bleir ferdigstilt, i 1974. Før det, måtte dei som bur på austsida køyre rundt øya for å kome til Reykjavik.

I dei første tidene var busetninga i området her relativt stor, men eit vulkanutbrot i 1362 resulterte i eit stort jökullhlaup som la mange gardar øyde.

Sidan har det vore fleire liknande utbrot, og sanden veks.

Diker er bygde, og blir fortsatt bygde, for om mulig å hindre øydeleggjingar. Desse er ved Skeidará.

På andre sida av vegen og.

Så kjem vi til brua over Skeidará.

Den er lang.

Det er ikkje vatn i alle løpa i dag.

I 1996 var det eit utbrot ved Grimsvötn, eit stort basseng som ligg under isbreen. Isen som smelta og samla seg i Grimsvötn lyfta til slutt iskappa og strøymde utover Skeidarársandur og øydela fleire bruer, blant anna denne.

Brua er såleis ganske ny. Den har berre eit køyrefelt, men her er fleire møteplassar.

Sjølv om det vart bygd diker i all hast den gongen, var det ikkje muleg å berge bruene.

Vi ser diket på andre enden.

Grimsvötn har hatt to utbrot sidan dette, i 1998 og 2004, men då vart det ikkje flaum.

Eit lite blikk bakover.

.. og utover sanden idet vi kjem fram til diket.

Vidare over flatene.

Eit godt stykke lenger framme ligg det framleis forvridde vrakrestar frå den forrige brua.

Den utgjer ein bra «skulptur» ved sida av vegen. Her teke på veg vestover att.

Det er laga ei stor utkøyrsle, og der er plakatar som fortel historia om jökullhlaupet.

Vi nærmar oss andre sida, og graset gror på sidene av vegen igjen.

Då vi planla turen, lurte vi litt på om vi kunne rekke å køyre rundt heile Island, men fann at vi hadde for kort tid. Valget stod då mellom å køyre til nordsida eller sørsida. Nordsida har mange fjordar, og det har vi her og, så vi valde sørsida med sandviddene sidan det landskapet såg ut til å vere mest forskjellig frå heime.

Dei fleste bileta vi tok på viddene, ser nesten like ut, fordi landskapet var veldig likt heile vegen. Slik var det, – vi køyrde og køyrde, og det var vidder og vidder…..

Og fykesand og støv. Det vat nesten litt skummelt når foket var så tett at sikten forsvant heilt.

Nedanfor er ein serie bilde frå tilbaketuren over Skeidarársandur, uten kommentarar.

Einsformigt og øde?

Ja, til dels, – men det var det som var så spesielt.