Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘gammel byggeskikk’

Før vi la i veg vestover att, hadde vi fått tid til å studere litt dei siste kartbøkene vi hadde kjøpt med oss.

I den eine stod det om kyrkja på Hof i Öræfi-distriktet, og vi bestemte oss for å stoppe og prøve å finne denne.

Öræfi var lenge den mest isolerte staden på Island, med isbreen i ryggen, inga skikkeleg hamn, og med Jökulsá og Skeidarársandur på kvar side. Fram til utpå 60-talet var det verken mus, rotter eller kattar her.

Det var eigentleg ikkje så vanskeleg å finne kyrkja når vi hadde kart og fylgde med på veiskilta.

Vi svinga av sidevegen litt for tidleg og kom opp på baksida av kyrkja.

Det gjorde eigentleg ikkje så mykje, for her var det fin utsikt over gravplassen. Den øvste delen såg ut til å vere den nyaste.

På nedste delen var det ikkje gravminne på alle gravene, – men det er lett å sjå kvar dei er.

Vi flytta bilen ned på parkeringsplassen som høyrer til kyrkja.

Kyrkja er bygd i 1884, og er den siste kyrkja på Island som er bygd etter den gamle skikken med tjukke murveggar og torvtak. Det fins 6 slike kyrkjer att, og dette er ei av dei.

Kyrkja er under tilsyn av det islandske nasjonalmuseet, men fungerar og framleis som soknekyrkje.

Dette var berre vel ein halvtimes køretur frå isfjella i Jökulsárlon, men her var våren komen så langt at løvetanna blomstra friskt på kyrkjetaket.

Det er tjukke, solide murveggar.

Frå nedsida ser den mest ut som ein haug med gras på.

Utan kvitmåla vindauge hadde det ikkje vore lett å sjå at her var noko anna enn grasbakke.

Hof-gardane ligg oppe under fjellet, som dei fleste andre stadar. Nedanfor er det vide sandflater.

Utanfor kyrkjegarden var det sett opp ein sanitærbygg. Det var til og med ope, så vi kunne bruke toaletta. Ikkje verst.

Det stod ein del gamle tre rundt kyrkja og kyrkjegarden.

Men nedanfor var det ganske øde. Vi kan skimte hovuudvegen eit stykke ute på flata bak bilen, – omtrent der det grøne sluttar.

Det bles ein del her og, så det var godt å kome inn i bilen att. Neste stopp planla vi på Nupstadur.

Følg med.

🙂

Read Full Post »